Geologisk forklaring av lokaliteten
Dei ultramafiske bergartene her står opp i terrenget slik som slike bergarter vanlegvis gjer- som rustbrune koller i den elles grå gneisen. Når ein første gong ser dei vil ein med ein gong tenke på at dei er framandelement. Og det er jo også det dei er. Dei har eit anna opphav enn gneisen dei ligg i. Ultramafiske bergarter som desse representerer den øvre del av mantelen på overgongen til jordskorpa og vart danna under høgare trykk og temperatur enn dei omliggande gneisane. Og dei skil seg også med omsyn til mineralinnhald med sitt høge innhald av mørke mineral (ultramafisk). Dei har difor ei langt høgare eigenvekt enn gneisen, og dei danner også topografiske høgdepunkt der dei stikk opp. Det er ein tung jobb å slå laus prøver av den harde og seige bergarta.
Ultramafittane er stort sett serpentinittiserte dunitter. Det vil seie at hovemineralet olivin (Mg,Fe)2SiO2 er omdanna til serpentinmineralet antigoritt (Mg3Si2O5(OH)4 ved seinare metamorfose og tilførsel av vatn. Det er jerninnhaldet i bergarta som gjev den karakteristiske rustbrune fargen. Nokre stader er omdanninga gått vidare til talk/kleberstein. Eit gammalt klebersteinsbrot i nærleiken der ein har tatt ut kokekar, vitnar om kokekunst før induksjonsovnane si tid. Andre vanlege mineral er pyroksen (enstatitt), og ein av dei raude kollane er ein nesten rein pyroksenitt. Ertsmineralet kromitt er også vanleg. Floraen er påverka av tungmetallinnhaldet i desse bergartene, og den flotte lilla fjelltjæreblomen finn ein ofte i store mengder tett inntil lokalitetane.
Overflata til ultramfittane er homogen, men er oftast gjenomsatt av kruskløv og av og til ser ein sprekkar som er fyllte med serpentinmineralet krysotil. Grensa til omliggande gneis er oftast overdekka, men nokre stader kan ein observere kontaktmetamorfe soner på grensa til gneisen der ein finn mineral som amfibolitt (tremolitt) og kloritt.
Ultrafmafittane ligg på ei linje som stryk aust-vest og det finnest fleire liknande lokalitetar på strøklina både aust og vest for lokaliteten. Nokon av desse er godt kjende, andre er lite utforska.
Anortosittar og meta-anortosittar ligg på same strøkline både sør og aust for feltet. Gneisbergartene forøvrig er augegneiser, kvartsmonzonitter og biotittrike og amfibolittrike gneiser.
Stadsnamn i området har sitt opphav i desse raude kollane: Robjørgane, Raudfjell.
Utgangspunkt
Raudfjell og setra der er lett tilgjengeleg (første del bomveg) frå riksveg 613, og er eit flott turterreng med utsikt innover og utover Nordfjord og med godt vedlikehaldne seterhus. I tillegg ligg geofunnet tett inn til den nye traseen for Holmøyskarrennet – eit turrenn som har gått på Palmesøndag sidan 1967. Traseen for turrennet går no rundt heile Blåegga og forbi Raudfjellsetra (og må vere eit av dei mest spektakulære turrenn i landet). Ved påsketider står desse rustbrune kollane av ultramafitter tydeleg fram i terrenget.