Geologisk forklaring av lokaliteten
Supphellebreen er ein brearm frå Jostedalsbreen som kjem ned i Fjærland. Den består av ein relativt slak øvre del (kalla Flatbreen) ned til kring 1000 m o.h. før den går bratt ned mot Supphelledalen. I dalbotnen ligg det ein regenerert del av Supphellebreen, som eksisterer på grunn av stor tilførsel av snø og is som rasar frå brefallet. Supphellebreen går frå 1730 m.o.h. ned til 720 m.o.h. Lengda er 8,4 km og breen har eit areal på 11,8 km2.
Utgangspunkt
Om lag 2 km nordafor Norsk Bremuseum i Fjærland, ta av frå Riksveg 5 og inn på kommunal veg der det er skilta mot Supphellebreen.