Geofunn: Tidsaksen i Rosendal

Posted By: Øystein Skaala Location: Rosendal, Hordaland

Geologisk forklaring av lokaliteten

Jorda si 4600 millionar lange historie er full av dramatikk og fantastiske hendingar, like frå starten og fram til den korte historia til menneska. I Steinparken ønskjer vi å formidla nokre smakebitar av den geologiske og biologiske utviklinga gjennom dei lange geologiske tidsbolkane i Jorda si historie.

Tidsaksen er ein 23 meter lang polert granittvegg der nokre av dei viktigaste hendingane i Jorda si historie er skrivne inn i stein. Her kan du sjå kor tid livet oppsto og kor tid fotosyntesen som gir oss oksygen å pusta i, oppsto. Her kan du sjå fargespel i slipte prøvar av dei vanlegaste bergartane i landskapet vårt og finna alderen på Ulvanåso, Melderskin, marmor frå Varaldsøya, den sjeldne kulegabbroen og mange andre fine bergartar.

Sjølv om livet oppsto alt for 3800 millionar år sidan, gjekk det lang tid før det verkeleg ?tok av? og dei livsformene vi kjenner tok til å utvikla seg. Dette skjedde for 542 millionar år sidan i det som vert omtala som den kambriske livseksplosjonen, der livet verkeleg utfaldar seg i mange retningar. Så dukkar dei opp i tur og orden dei ulike organismegruppene, først invertebratane, så dei primitive fiskane, så amfibiane, krypdyra, deretter dinosaurane, pattedyra og urfuglen archaeopteryx. Det var så seint som for ca. 400 millionar år sidan at plantene gjekk på land og gradvis måla jorda grøn.

Alle desse tala og dei lange geologiske tidshorisontane er svært vanskeleg å fatta for oss menneske, difor er mykje av utviklinga på jorda, uoversiktleg, ukjent og kaotisk for dei fleste, både lekfolk og mange forskarar. Ein måte å illustrera dette på slik at ein kan få oversikt, er ved ein fysisk akse der dei ulike hendingane er plotta inn, slik vi har gjort i Steinparken.

Steinparken i Rosendal er eit av besøksmåla knytta til Folgefonna nasjonalparksenter. Parken skal formidla kunnskap om geologi generelt, og spesielt geologien på Folgefonnhalvøya, som er hovudtema for nasjonalparksenteret.

Steinparken er planlagt og utvikla av Rosendalstiftinga i samarbeid med geologar ved universiteta i Bergen og Oslo, Fossheim steinsenter, skulptør Bård Breivik, steinhoggar Rolf Carlsen, samt Torkjell Nerhus som har tilrettelagt landskapet i det ti dekar store parkområdet.

folk464.jpg

Steinparken ble åpnet lørdag 26. mai med rundt 200 tilskuere. Etterpå kunne de over 23 meter suge inn litt geologisk kunnskap.
Foto: Svein I. Oppdal
tidsaksen464.jpg

Tidsaksen er slipt i svensk granitt med inngraverte tekstlinjer. Ulike bergarter som finnes i den tilgrensende steinparken er påmontert. Fossiler plassert rett i forhold til tiden er også med.
Foto: Svein I. Oppdal

Oppdatert: 12.06.2012 15:09
av Ingvild Carstens



 

Geofunn i nærheten

Long:7.13490569999999 Lat:60.4231017
Long:7.235068299999966 Lat:60.4241769

Tags: